KONGSHAUGEN, JANGAARDEN, VALDERØY


Det var i årene 1824-27 at grunneierne, losoldermann Rønneberg, etter oppfordring fra biskop Jacob Neumann, hadde hånd om utgravningene i Kongshaugen. Biskopen var også tidvis til stede under gravningsarbeidet og han var innom i 1826 da gravemannskapene nett hadde funnet båtbordene, som vel i ettertid er de mest kjente gjenstandene som lå i haugen. Det er således i år (1996) et aldri så lite jubileum, nemlig 170 år siden funnet av Valderøybåten, et av våre eldste båtfunn!

Følgende informasjon om hva som er funnet i Kongshaugen er Per Fetts registreringer på Jangaarden, hente fra serien “Førhistoriske minne på Sunnmøre”, samt fra funnkatalogen hos Historisk Museum i Bergen.

Kongshaugen (Kong Valders haug er eit reint litterært namn, men Valderhaug kan vel ha vore eit eldre og ekte namn, som då og Neumann bruker i 1836), svær torvdekt røys av fjørestein, 40 - 42 mtvm., no 3m høg. Utgraven 1824 -27 av losoldermann Rønneberg på tiltak av biskop Jacob Neumann, som av og til var med sjølv og. Haugen ligg på sidlend mark slik at haugmassen hadde sokke 7 alner ned. På botnen var murar og grøfter, -nok slike anlegg som vi og kjenner frå andre røyser utan at vi kan tyde dei. Atten alen inn fra haugens søndre utkant, 4 alen over den skrå haugbotnen og ca 3 alen under overflaten støtte Neumann sjøl på en grav under to to steinheller som lå ovenpå hverandre og dekket “en fordybning af stene, liig et fuglerede, omhyggelig belagt med birkenever og moos”.

I denne fordypningen sto en bronsekjel av Vestlandstypen med en annen av samme form hvelvet over som lokk. Og blant beinmassen fantes en svær gullring på vel 165 gr, en beinterning, rester av spyd, av ein beinkam, av bronsesaker osv., alt i alt en av de flotteste branngraver som i det hele kjennes fra folkevandringstida. Men før Neumann kom til , hadde arbeiderne kommet inntil midten av røysa, og helt nede på botnen fant de her rester av en båt eller et skip. Ordrett lyder Neumanns beretning om dette slik: “Da man var kommen til Høiens Bund i den omtalte Dybde, fandt man en stor, flad Helle, og ovenpaa denne et udannet Stykke Træe, omtrent som et stykke Brændeved, een Alen langt, med sin bark paa, heel ubeskadiget Men under Hellen fandtes enkelte lange Træstykker af en fjerdedel Tommes Tykkelse, bøiede som Sidebordene af en Baad,....” osv. (Bøe 1942,s.182)

Her har ein då meint å sjå ei sentralgrav i båt fra bra. Og sekundærgrav med brent lik frå fvt. Men i 1967 vart båten C14 datert til 1730+-80 år før 1950.

Etter katalogen høyrer spjutparet med til frå funna frå Kongshaugen, men Neumann nemner det ikkje i gravingsmeldinga si i 1834. Dette er både Nicolaysen og Lorange klar over, og Lorange meiner dei kan høyre til “blant de mindre paagtede Sager under den store Midthelle”. Bøe går ut fra at dei er frå sekundærgrava. Spjutparet er fra 500-talet (ikkje 450 som det ved ein inkurie står i Fett, (Arms in Norway, nr 334). Vestlandskjelane i sekundærgrava høyrer til Ekholms gruppe fig. 11 (TVS 1933), som han daterer til 300-talet. Spjutoddane kan då ikkje godt høyre saman med kjelane og ein har trygt rekna med ei grav til. Etter radiodateringa vil ein kanhende, prøve å føre spjutparet (som er utbrent) som gravgods i båten. Dersom det er eldre enn Fett har meint (sml. Nykatalogiseringa), treng ikkje båten ha vore urimeleg gamal ved gravlegginga. Dei “sønderknuste Levninger af Leerkrukker, deels av rødt, brændt Leer, deels af glaserede med blaae Kanter” som var funne nær båtrestene, er vel slikt som har vore innpåkasta i sein tid og har risla ned mellom steinane medan dei grov. Dette er vel grunnen til at Neumann ikkje tok dei med på museet.
Detaljert oversikt over funnene i Kongshaugen, nykatalogisert i 1954.